Forberedelser Sæterlia 2

- Ei alvorleg sak

Ordførar i Surnadal Lilly Gunn Nyheim fekk beskjed om kostnadsoverskridingane i Surnadal Alpinsenter 22. desember. - Det er ei alvorleg sak, og ei lite hyggeleg julehelsing å få, men eg ønsker alt godt for alpinanlegget som eit aktivt og positivt tilskot i bygda, seier Nyheim.

Kostnadane med utbygginga av snøkanonanlegget i Sæterlia vart langt større enn forventa. Eiendomsselskapet Surnadal Alpineiendom AS har derfor fått utfordringar med likviditeten, står det i saksframlegget til ekstraordinært formannskapsmøte i Surnadal kommune i morgon.

Rådmannen tilrår å auke aksjekapitalen i Surnadal Alpineiendom AS med 4,6 millionar. Det er venta ein høg grad av spelemiddelfinansiering på dette prosjektet, men utbetalinga av spelemidlane vil truleg ikkje skje før om 3 - 6 år.

Rådmannen tilrår og auka årleg driftstilskot til driftsselskapet Surnadal Alpinanlegg AS, frå kr 1.000.000 til kr 1.450.000.

Begge dei to selskapa er 100% eigd av Surnadal kommune.
 

Her kan du sjå saklista til formannskapsmøtet 7. januar, og saksframlegga.