690 Erling Belsås ingr

– Eg vil vise kva eg er god for

I februar stifta Erling Belsås (28) Erling’s Håndverkertjenester, og no er han i full gang med alt frå legging av golv og avretting til tapetsering og snekring.

– Eg er frykteleg interessert i handverkarfaget, og Erling’s Håndverkertjenester er mitt forsøk på å skape noko eige, seier Erling Belsås.

28-åringen frå Surnadal har eit svennebrev innan målarfaget, og har, med unntak av eit lite opphald i Trondheim, jobba for Happy Homes Sæterbø sidan 2013.

– Forhåpentlegvis kan eg samarbeide meir enn eg konkurrerer med Happy Homes Sæterbø, for eg vil ikkje skape noko ufred. Det trur eg heller ikkje blir noko problem, smilar Belsås.
 

Får mange henvendingar

Etter seks fine år hos Happy Homes Sæterbø, vart lysta til å starte eige firma stor. Resultatet vart altså eit enkeltmannsforetak, der han tilbyr tenester som golvlegging, avretting, maling, sparkling, tapetsering og snekring.

– Eg likar å seie at eg kan komplettere prosjekt, men det eg har gjort aller mest av tidlegare er nok golvlegging, seier Belsås, som fortel at han og har gjort ein del våtrom.

Han har i vår teke kurs for å verte sertifisert våtromsarbeidar, og ventar berre på å ta eksamen i faget rett over sommaren.

Erling er ikkje redd for å prøve nye ting. No for tida er han ein del med meir erfarne snekkarar på ulike prosjekt, for å lære endå meir innan snekkarfaget.

Sjølv om det først er no i mai handverkarfirmaet til Erling er aktivt, har Belsås allereie fått fleire henvendingar frå lokale snekkarar og målarar, som ønskjer å etablere samarbeid.

– Det er veldig mange dyktige fagfolk i bygda. For meg er det ikkje om å gjere at firmaet mitt skal verte så stort. Det handlar om å klare å leve av det, og om at eg vil vise kva eg er god for, seier Belsås.
 

Vil bidra lokalt

Oppdraga han er i gang med er stort sett lokale, og primært er det kundar i Surnadal, Rindal og Halsa Belsås ser for seg å jobbe for.

– Eg har fått nokre henvendingar frå Ålesund og Trondheim, men primært vil eg konsentrere meg om nærområdet her. Eg ønskjer å bidra lokalt, seier Erling, som mange nok kjenner med eit anna etternamn – Øie.

– Det ligg ikkje noko dramatikk i at eg har skifta etternamn frå Øie til Belsås. Eg har rett og slett teke namnet åt mor mi. Eg er oppattkalla etter morfar min, som og heitte Erling Belsås og var handverkar.

Erling smiler.

– Heile familien min på morssida er handverkarar. Med tanke på å skulle starte opp eige firma var det kanskje ikke det beste tidspunktet å endre namnet sitt på, men slik vart det.
 

Slår eit slag for yrkesfag

Handverkar Erling gjekk allmennfag på vidaregåande, men oppmodar no elevar som er usikre på kva dei vil til å søke seg til byggfag.

– Eg var veldig usikker på kva eg ville, men alle kompisane mine søkte allmenn, så då gjorde eg og det. No er eg handverkar, og skulle gjerne valt byggfag i staden, seier han, og legg til:

– Mi oppfatning er at mange som er skuleleie etter ungdomsskulen, er ungdommar som er flinke i praktiske fag. Så er ein usikker, vil eg oppmode folk til å velje yrkesfag. Finn ein så ut at ein vil gå ei anna retning har ein mulegheita til å gå påbygging.

Erling Belsås har og ei andre oppmoding å komme med, og det er til potensielle kundar i Surnadal, Rindal og omegn.

– Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du treng handverkartenester. Ring meg, eller send meg ein SMS eller ei Facebook-melding.

– Sjølv om eg er den einaste tilsette i Erling’s Håndverkstjenester, er eg fleksibel, og har kapasitet til å ta på meg fleire prosjekt, seier han, og legg til:

– Eg er ikkje redd for å jobbe!

690 Erling Belsås 4.jpg
Erling Belsås (28), tidlegare Øie, har starta sitt eige handverkarfirma i Surnadal.


Erling's Håndverkertjenester er rykende ferskt medlem av Trollheimsporten.