Henning byste_1024x934

Vårsøghelga åpna med avduking av byste og utstilling med Håkon Gullvåg

- E tykkje det går fær vidt!

- E tykkje det går fær vidt, sa 60 årsjubilanten Henning Sommerro, da gaven frå Surnadal kommune til jubilanten vart avduka i kveld. Det skjedde i Surnadal kulturhus da Vårsøghelga åpna med utstilling i galleri Finstuå, der Håkon Gullvåg stilte ut grafikk. Ordførar Mons Otnes sto for avdukinga og overrekkinga av gaven - Hennnig på sokkel i kulturhuset.

Bysta var kledd med den gamle rockeskjorta til Henning Sommerro, noko han kjente att før avdukinga.

Sjøl tok jubilanten ein trall før han takka og gjentok: - E tykkje det går fær vidt!

Utstilling og kakelag
Leder Leif Frønes i Laget Vårsøg ønska alle velkomne til utstilling med Håkon Gullvåg og kakelag med mozel. Han fortalte kort om Vårsøghelga i år med eit variert program. Han minna om kveldens forestilling "Teater Nonstop" og anbfalte den, noko også Henning håpa mange kom for å sjå. Trollheimsporten vil kome attende til den forestillinga seinare - så følg med.

Etter åpninga kom kveldens store overrasking - gebursdagsgaven frå Surnadal kommune til Henning Sommerro - ei byste i foajeen på Surnadal kulturhus. Ordførar Mons Otnes gratulerte alle med dagen, og spesielt 60 årsjubilanten.

Laks og Henning
- Det er to ting som går att når eg nemner Surnadal ute: Det er laks og Henning. Deretter kjem Hans (Hyldbakk) og Vårsøg etter kvart, sa han og tykte det var stas å ha ein nasjonalskald i Surnadal. Det fekk ordførar Mons stor applaus for.

Grafikkutstilling
Det var svært mykje folk som hadde møtt fram i foajeen på kulturhuset i kveld, naturlegvis mest for å sjå grafikken til Håkon Gullvåg. Men før vi kom så langt sto Oddbjørn Sponås og Erle Mülius for det kunstneriske, mens leiar Marit Elin Eid i Surnadal kunstlag introduserte Håkon Gllvåg og kunsten hans.

Dette er ei salgsutstilling med Håkon Gullvåg, som stiller ut 26 arbeider. Den vil bli ståande i Finstuå fram til 10. juni.

Sjå bilda nedafor frå det kunstneriske, Håkon Gullvåg og utstillinga: