2017-08-22 13

- E trudd alder det va slik utpå her

Dei rundt 40 rindalingane som var med på Rindal Røde Kors Besøkstjeneste sin busstur til Smøla og Veiholmen sist tirsdag, fekk oppleve kystlandet frå si aller beste side. Fleire var der for første gong, andre fekk triveleg gjensyn.

Turen gikk via ferja Hendset – Aresvika og Sandvika – Edøy, og høge bruer som over Imarsundet, frå Edøya inn til Smøla og ut til Veiholmen. Bussturen varte tilsaman omlag 12 timar. 

2017-08-22 11.46.37.jpg
Smøla i sikte

2017-08-22 12.03.45.jpg
Edøya, ferjekai og anløp for Kystekspressen til høgre, Edøy gamle kirke frå ca 1190 til venstre.

2017-08-22 12.29.02.jpg
Smøla er kjent for vindmølleparkar. 68 vindmøller produserer mesta halvparten så mykje strøm som Trollheim Kraftverk.

2017-08-023_690x974.jpg
Minst like kjent er nok Smøla for gulrotproduksjon.

2017-08-22 16.16.07.jpg
På Frostaheia såg vi både gulrotåkrar og store, flate, prærieliknande jordstykke. Her beiter sauer.

2017-08-22 13.11.14.jpg
Verjeskiftbrua, største og høgste brua på vegen ut til fiskeværet Veiholmen lengst nord på Smøla.

2017-08-22 13.12.20.jpg
Veiholmen sett frå toppen av Verjeskiftbrua

2017-08-22 13.21.38.jpg
Husa står tett på Veiholmen, noko som kjem godt med i dagar med storm og kuling!

2017-08-22 13.24.59.jpg
Rindalingar stig av bussen til Stenberg for å oppleve Været.

2017-08-22 13.27.43.jpg

2017-08-22 13.32.28.jpg
"Femminuttsplana" minte oss om "5 minutter til alt", noko som stemte godt her på Været.

21035296_376960392718992_630265785_o.jpg
"Latræva" var eit anna interessant namn vi merka oss! (Foto: Berit Halsetrønning)

received_1648916108454987.jpg
Pensjonistbenken vart testa, og den vart godkjent (Foto: Leif Ove Grytbakk)

2017-08-22 14.19.26.jpg
Vi fekk oss solid middag på Havkroa - saltfiskball og blandaball med tilbehør. Dessert vart servert med spenning, somme fekk karamellpudding, andre fekk gelé, sjokoladefromasj eller is!

2017-08-22 15.10.32.jpg
Været - Veiholmen

2017-08-22 15.13.40.jpg
Kunstutstilling på husvegg

DSCN3053.JPG

To ekte innfødte, mor og datter? (Foto: K.Foseide)

21057144_376959932719038_675903734_o-001.jpg
Somme søkte kontakt med Veiholmens mest kjente dame (Foto: Berit Halsetrønning).

DSCN3054[1].JPG
(Foto: K.Foseide)

2017-08-22 15.45.13.jpg

Så ser vi inn mot Fastsmøla frå Verjeskiftbrua

2017-08-22 16.44.04.jpg
Medan vi venta på ferja på Edøya, besøkte vi arenaen for Gurispelet

2017-08-22 17.38.50.jpg
Ferja førte oss inn til Tustna med Tustnastabbane. Vi ser Imarsundet til høgre.

Tekst/foto: OleT