bergsvein 690

- Det mest utfordrande budsjettet eg har behandla

Surnadal kommune sitt budsjett for 2019 vart torsdag vedteke av kommunestyret.

Surnadal kommune sitt budsjett for 2019 vart torsdag vedteke av kommunestyret. Budsjettet viser eit underskot på drifta på om lag fire millionar kroner, som skal dekkjast inn via disposisjonsfondet.

AP-politikar Jonny Melkild starta debatten då budsjettet for 2019 vart behandla og vedteke i Surnadal kommunestyre torsdag. 

– Eg føler einingane sine rammer er meir realistiske i år enn i fjor, og kjem til å gå for det framlagte forslaget, sjølv om eg ser på ein del av løysingane som lettvinte. Desse skulle eg gjerne vore utan, som fjerning av botnfrådraget for eigedomsskatt og nedjustering til minste lovlege låneavdrag. Eg har ikkje noko betre forslag sjølv, og må innrømme at eg trur det nye kommunestyret vil få store utfordringar dei neste åra.

Også Egil Nedal, Rakel Polden og varaordførar Helge Røv var tidleg på talarstolen. 

Skulemjølk skal fakturerast kvartalsvis

Eli Vullum Kvande (MDG) var oppe og tala varmt om val av grøne obligasjonar og lån i samband med skuleprosjektet på Øye og omsorgsbustadene ved Bårsdhaugen.

– Eg er og veldig glad for at kr 50 000 skal øyremerkast klimarekneskap. Dette er tiltak som låg inne i 2018, men som ikkje vart gjennomført. I dette budsjettforslaget legg vi ei føring for at dette skal bli bra. Dei grøne investeringane vi no legg til rette for, fører med seg positive effektar, som lågare driftsutgifter. Det gjer dette til ein vinn-vinn-situasjon, seier Kvande, som og etterlyste ein kommentar om kvifor det ligg inne to millionar kroner til gangveg ved Svartvassvegen 2019, men ingenting i 2020. Her fekk ho støtte frå Mali Hildrun Settem (KrF).

Rådmann Haugen forklarte at grunnen til at det ikkje ligg inne noko i 2020 skuldast at trasévalet for gangvegen ikkje er klart, og at ein difor på noverande tidspunkt ikkje har grunnlag for å budsjettere med noko i 2020. Dette må ein sjå på på nytt når ein har landa på ein trasé, fortalte Haugen.

Kvande la og fram eit konkret forslag om at skulemjølk skal betalast kvartalsvis, slik at kvar mottekne faktura ikkje blir så stor, spesielt for familiar med fleire ungar. Dette forslaget vart samrøystes vedteke.

eli vullum kvande 690.jpg
Eli Vullum Kvande (MDG) var glad for at det i budsjettet er øyremerka midlar til klimarekneskap, og fekk med seg kommunestyret både på at fakturering av skulemjølk skal skje kvartalsvis, og at kommunestyret skal gå gjennom Surnadal kommune sin faktureringsfrekvens på nyåret. Sistnemnde var eit forslag Kvande la fram saman med Marit Granhus Langli (H).

Ikkje heilsvart

Bergsvein Brøske (SP) var og på talarstolen, og sa mellom anna dette:

– Eg opplever dette som det mest utfordrande budsjettet eg har vore med på å behandle. Når vi ser korleis det er strekt i alle retningar, ser vi at dette er veldig vanskeleg å få på plass. Samtidig er vi heldige som bur i Surnadal, for det ligg utruleg mange gode tenester i dei summane som ligg her. Det er viktig å presisere at sjøl om dette er utfordrande, er ikkje biletet heilsvart, seier Brøske, og la til:

– I tillegg skulle eg ønske at vi før møtet er ferdig kunne klart å tilføre fleire kroner til kyrkja vår. Eg tykkjer dei har fått for låge rammer.

Brøske etterlyste og informasjon om kva sektorar og tenester administrasjonen meiner i størst grad har det strammare enn ein skulle ønske.

– Skremmande å bryte med 

Marit Granhus Langli (H) reagerte sterkt på at formannskapet onsdag foreslo å bryte med eksisterande finansreglement i påvente av vedtak av nytt reglement, og la fram endringsforslag. 

– Det er direkte skremmande at det blir foreslått at vi skal bryte med vårt eige finansreglement for å komme i mål med budsjettet. Kontrollutvalet meiner at dette ikkje er god nok saksframlegging og ingen god budsjettprosess. Dette handlar ikkje om kva vi meiner er ei god løysing eller ein god konklusjon, men rett og slett om kva ein gjer først og sist. Skal vi endre risikostrategien vår, seier forskriftene at vi må ha ekstern kompetanse inn for å vurdere desse endringane.

Langli gjekk saman med Jonny Melkild (AP) frå og laga følgjande endringsforslag:

"Kommunestyret finn ikkje at det er i tråd med gjeldande finansreglement å forskuttere ein gevinst av ein endra lånefinansieringspolitikk i budsjettet. Innsparinga på 1,65 millionar vert å saldere mot disposisjonsfond. Skulle ein endre reglementet, vert budsjettet då å regulere i tråd med nytt gjeldande reglement. Kommunestyret får finansreglementet opp som eiga sak  våren 2019, og ber om at gjeldsforvaltninga blir behandla som eiga sak".

Rådmann Haugen svara at det på ingen måte er ulovleg å budsjettere med kutt i rentekostnadar, og at dette ikkje bryt med eksisterande finansreglement. Han understreka og at finansreglementet kjem opp på kommunestyremøtet i februar.

Forslaget til Granhus Langli og Melkild vart samrøystes vedteke.

Langli gjekk og på talarstolen for å rette ei takk til alle dei gode tenestene dei ulike sektorane i Surnadal kommune tilbyr innbyggjarane, og ho støtta Eli Vullum Kvande i at det vil vere ein god idé å auke faktureringsfrekvensane. Langli og Kvande la fram eit forslag der dei ønska seg ei sak på nyåret, som tek for seg nettopp faktureringsfrekvens. Dette vart samrøystes vedteke.

maritlangli 690.jpg
Marit Granhus Langli (H), leiar i kontrollutvalet, la fram endringsforslag. Her med partifelle Ola Magne Nordvik.

–​ God budsjettprosess

Kathrine Mauset (H) understreka spesielt to moment frå talarstolen:

– Det vi faktisk seier med dette budsjettet er at Surnadal kommune skal vere meir effektiv i drifta si, i og med at vi krever same tenester samtidig som vi kuttar totalt 15 stillingar. I tillegg må vi ha i bakhovudet at vi vedtok eit budsjett i null i 2018, men at vi har måtta regulere inn 7-8 millionar. Difor må vi ha i bakhovudet at dersom det skjer noko spesielt i 2019, vil vi måtte regulere då og. Det betyr at vi i 2019 må, som rådmannen skriv i saksframlegget, må jobbe knallhardt for å få ned driftskostnadene våre.

Nils Håvar Øyås frå Senterpartiet gjorde det klart at han ønska å gå for det budsjettet som vart lagt fram av rådmannen, og omtala årets budsjettprosess som god og inkluderande. Samtidig understreka Øyås viktigheita av at kommunestyret i neste budsjettprosess evaluerer dei kutta som er gjort, både no og tidlegare, slik at ein får sjå kva effekten av dei ulike kutta faktisk er.

Ordførar Lilly Gunn Nyheim var og på talarstolen, der ho mellom anna informerte om budsjettprosessen. 

– Eg trur den auka inkluderinga i prosessen gjer at kommunestyret har større eigarskap til budsjettet. Det har vore ein god budsjettprosess, som har hatt stor verdi for resultatet. 

Sondre Ormset etterlyste frå talarstolen ei liste over tenester og punkt administrasjonen kanskje vurderer som mulege å kutte, både på kort og litt lenger sikt. Ordføraren tok replikk og informerte om at ei slik kuttliste kjem på nyåret.

nilshåvarøyås 690.jpg
Nils Håvard Øyås (SP), her i samtale med Jonny Melkild (AP), rosa årets budsjettprosess frå talarstolen.

Reduserte kutt til kyrkja

Noko av det flest nemnde frå talarstolen var det foreslåtte kuttet til kyrkjeleg fellesråd. Rådmannen hadde foreslått 232 000 kroner i kutt, men både Bernt Venås, Lilly Gunn Nyheim, Margrethe Svinvik, Mali Hildrun Settem, Helge Røv, Tove Mogstad og Odd Asbjørn Bævre tok ordet og argumenterte for ein reduskjon i kuttet. Svinvik og Nyheim la fram forslag på eit kutt på kr 100 000 for 2019, i staden for rådmannen sitt forslag på kr 232 000. Rakel Polden var einaste representant på talarstolen som meinte det opprinnelege kuttet burde stå.

Forslaget til Margrethe Svinvik og Lilly Gunn Nyheim om redusert kutt til fellesrådet vart vedteke mot fem stemmer, der Oddny Hoem, Rita Aarnes, Rakel Polden, Eli Vullum Kvande og Marit Granhus Langli stemte imot.

Nils Petter Tonning (FrP) understreka viktigheita av å sjå på drifta og ikkje berre investeringane, og kommenterte at han i fjor fekk nei til å bruke frå disposisjonsfondet for å redde åtte sjukeheimsplassar. Han tykkjer difor det er betenkeleg at ein no vil bruke av desse for å komme i balanse, men oppmodar samtidig til å vedta det framlagte budsjettforslaget.

Framskunda Høgberget/Øyagardslia

I rådmannen si tilråding låg det i investeringsbudsjettet inne midlar til det vedtekne byggjefeltet i Høgberget/Øyagardslia i 2020. Margrethe Svinvik (SP) la fram forslag om å flytte dette til 2019.

Rådmann Knut Haugen forklarte at grunnen til at dette i forslaget vart lagt til 2020 hadde med kapasitet å gjere, og planlagte tiltak rundt Grytå 2-feltet.

– Tanken er at ein med dei 10 tomtene i Grytå 2 klarer seg til 2020.

Forslaget frå Svinvik vart vedteke mot 13 stemmer, med FrP, MDG og store delar av AP som dei som stemte mot - Senterpartiet og Høgre for.