karrieredag ingress

– Artig å sjå så stort engasjement

260 elevar var innom dei 34 postane då første dag av Karrieredagene 2019 vart arrangert i Surnadal idrettshall tysdag. Karrieredagene arrangeres i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune, med SuSu som lokal arrangør i Surnadal.

Tysdag og onsdag vart Karrieredagene 2019 arrangert. Tysdag var om lag 260 tiandeklassingar frå Halsa, Rindal Sunndal, Tingvoll og Surnadal på plass i og utanfor Surnadal Idrettshall, medan det tysdag vart heldt tilsvarande arrangement i Kristiansund.

Tiltaket, som har som mål å gje tiandeklassingane eit større innblikk i mulegheitene i eigen region, med tanke på vidare utdannings- og yrkesval, vert og arrangert i Romsdalen og på Sunnmøre.

SuSu stod for arrangementet i Surnadal, og 38 bedrifter, fordelt på 34 postar, var til stades for å vise avgangselevane på ungdomsskulen kva mulegheiter dei har vidare.

– Det er så mykje å velje i, så med dette arrangementet ønskjer vi å vise kva utdanningstilbod og arbeidsmulegheiter vi har her på Indre Nordmøre, seier Kim Stian Bråstad, prosjektleiar i Sunndal Næringsselskap.

Næringskonsulent i Surnadal kommune, Harald Bredesen, meiner Karrieredagene har ein viktig funksjon for elevane.

– Tiandeklassingane er i ein valfase, med tanke på kva retning dei skal velje vidare, og her får dei møte både bedrifter, vidaregåande skular og opplæringskontor. Dette er difor eit rådgjevande forum vi håpar og trur dei har stor nytte av.

Elevar frå andreåret ved Surnadal Vidaregåande Skole stilte som guidar for elevane som er på besøk frå tiandetrinnet eller vaksenopplæringa. Guidane har ansvaret for kvar si gruppe med elevar, som er delt inn av SuSu på førehand.

Og idrettshallen var full av liv og interessert ungdom, som tydeleg let seg engasjere av mange av aktivitetane ved dei ulike postane.

– Ja, vi har sett krav om at alle som skal ha stand skal tilby ein aktivitet. Det er i all hovudsak eit ungt publikum vi har med å gjere her, og då må vi ha litt aktivitet. Vi trur bodskapen til dei som er her på stand kjem vel så godt fram på den måten, seier Harald Bredesen, og legg til:

– Det er artig å sjå kor stort engasjement det er rundt om kring på postane.

Dette er første gong SuSu står bak arrangementet, som ikkje er ei messe, men rett og slett meint som ei mulegheit for dei besøkande å kjenne litt på korleis utdannings- og arbeidslivet er bygd opp og organisert - i tillegg til å finne ut meir om kva tilbod dei har å velje i i regionen sin.

karrieredag3.jpg
Liv Dalsegg (t.v.) og Elin Mo var på plass frå Surnadal Sparebank.

karrieredag4.jpg
Lærar Maren Svanem (i midten, vendt mot kamera) frå Surnadal Vidaregåande Skole talte realfaga si sak.

karrieredag5.jpg
Hans Christian Hårstad fortel om Surnadal Brannvesen.

karrieredag6.jpg
Pipelife på plass i idrettshallen. Her har Edvard Bele Sæterbø ordet.

karrieredag7.jpg
Tiandeklassingane frå Sunndal trivdest tilsynelatande godt hos Arnbjørn Heggset og Lars Kristian Todal frå Sveen Auto. 

karrieredag8.jpg
Toppidrett valfag ved Surnadal Vidaregåande Skole hadde sett opp ulike stasjonar ute på plassen framfor idrettshallen. Toppidrett-elev Martin Bolme Fjærstad (bak, under ballen) følgjer med at alt går rett for seg.

Ingressbildet viser Harald Bredesen (t.v.) og Kim Stian Bråstad i hallen, der det var full aktivitet heile tysdag.